torsdag 15. august 2013

Var det Marit Arnstad sine feil?

Etter brannen i Gudvangatunnelen har media retta søkjelyset mot samferdsleminister Marit Arnstad. Men er det sikkert at feil eller forsømming frå henne er årsaka til at ein underbetalt polsk sjåfør køyrde ei brannfarleg trekkvogn inn i Gudvangatunnelen?

Norske tunellar er ikkje trygge. Derfor vart denne tunellbrannen verre katastrofe enn nødvendig. Men det er sjeldan at manglar i tunellen utløyser brann.

Ingen tunellkonstruksjon med trygge fluktvegar kunne ha hindra denne brannen. Paul Bjerke i De facto kunnskapssenter har peika på at den multinasjonale transportgiganten DSV eigde tilhengaren. DSV går med overskott. Aksjonærane tok i fjor ut eit utbyte på 1,5 milliardar kroner. Ein ukjent polsk «underleverandør» disponerte trekkvogna. Brannen starta der. Vi veit ikkje om den lågtløna sjåføren hadde ein arbeidsgivar. Ansvaret er pulverisert. Konkurranse og fri flyt pressar løn og vedlikehaldskostnader nedover.

EU-kommisjonen vedtar direktiva om at underbetalte sjåførar og farlege vogntog skal flyte fritt i Europa. Prosessen som la dette til rette i Norge, starta da Stortinget vedtok «Lov om gjennomføring av fellesregler om innenlandsk transport i EØS-avtalen.» Saksdokumenta nemnde, naturleg nok, ikkje eit ord om risiko for tunellbrann. Dei tiltaka kom seinare. Men dei fire fri flyt-prinsippa i EU-grunnlova visste vi om. Og det var lov å tenkje.

Regjeringa ba óg Stortinget godkjenne ny framgangsmåte for lovendringar. Ap-regjeringa ville gjere nye EU-reglar til norsk lov utan omvegen om Stortinget. Byråsjefane vart lovgivarar. Regjeringa sa det ope og presist: Denne framgangsmåten «vil også senere lette arbeidet med å gjennomføre eventuelle nye EØS-rettsakter på dette området i norsk lov.» Nesten alle EU-motstandarane i Stortinget sa ja takk.

Eg var den einaste som tok ordet og sa nei takk da Stortinget 28. mars 1995 - mot ei røyst - vedtok ny lov og ny metode. Seinare har EU-kommisjonen gong på gong endra vilkåra og reglane i langtransporten på norske vegar. Kommisjonen tar ikkje ansvar når den frie flyten av underbetalte sjåførar og farlege vogntog set liv og helse i fare.

Alle som vil ha slutt på dette, må gå mot EU-kommisjonen i Brussel. Folkerøysting om å erstatte EØS-avtalen med ein frihandelsavtale vil vere eit bra verkty. Men for all del: Minn gjerne Marit Arnstad og Senterpartiet om at dei røysta feil i Stortinget 28. mars 1995.

Publisert i Nationen 15.08.2013.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar