onsdag 14. august 2013

Beitedyr og rovdyr

Takk til Arnold Håpnes for svar. (KK 10. august.) Vi er samde om at rovdyra verken har påverka saueavlen eller styrka kvaliten på norsk sau. Eg misforsto nok da eg meinte Håpnes tok med husdyr på utmarksbeite da han skreiv om beitedyr.  Og vi er sikkert samde om mange grunnar til å ikkje utrydde verken rovdyr eller andre artar, om det er dyr eller plantar.

Statleg politikk er eit alvorleg trugsmål mot artar som er truga.Vi treng eit landbruk som bruker mindre av kjemikaliar og importert kraftfor. Meire kortreist mat må til for å auke sjølvbergingsgraden. Rødt sitt arbeidsprogram seier at «Norge har store beiteressurser som ikke blir utnyttet. I stedet for å importere mer kraftfor, må disse ressursene benyttes gjennom økt kjøttproduksjon.» Samtidig seier programmet at «rovdyr skal sikres sin plass der de er en naturlig del av de norske økosystemene.»

Her er det uløyst konfliktstoff. Konfliktane i det tvetydige rovdyrforliket i Stortinget i 2011 er og uløyste. Regjeringa gjennomfører ikkje stortingsvedtak om å begrense fordrivinga av husdyr frå utmarksbeite.

Mi oppfatninger at dei som vil verne mangfaldet i naturen og dei som produserer mat på reine utmarksressursar i utmark, i hovudsak og på lang sikt har felles interesser. Merete Furuberg, leiaren i Småbrukarlaget har peika på at utmarksbeite sikrar leveområdet til over tre hundre av dei raudlista artane. Så er det konflikt rundt dei store rovdyra og særleg dei skandinaviske bestandane av ulv og bjørn. Men naturvernsida kan som ein forsiktig start stille seg bak kravet om at staten skal dekke heile det økonomiske tapet for gardbrukarar som har rovdyrtap.

Eg trur matprodusentar og naturvernarar  bør satse på dialog og leite etter kompromiss. Kanskje dei om nokre år kan stå saman mot den staten som trugar både artsmangfaldet og den reine matproduksjonen?

Publisert i Klassekampen 14.08.2013.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar