fredag 16. august 2013

Tid for å byggje bruer?

I kommentaren «Med gevær og søkke i Skåbu» (Dag og Tid 2. august) skreiv Sigrun Slapgard at vegen i Skåbu er stengd og blir «opna ein gong til hausten». Innlegget fekk meg til å tenkje at det kanskje er tid for brubygging.

Slapgard skriv om «den norske ulvestamma». Mange har gjort det før henne, anten det gjeld ulv eller bjørn. Eg hugsar korleis eg skvatt da ein Ap-representant i ein rovdyrdebatt i Stortinget sa at «norske binner» måtte til for «å etablere en egen norsk bjørnebestand». Det var i 1997. Den misvisande språkbruken lever vidare.

Ulven er ikkje norsk. Korkje ulv eller bjørn er opptatt av nasjonalitet og statsgrenser. Ja, så lenge ingen har bygd rovdyrgjerde langs grensa, så veit dei vel knapt kva land dei er i. Om vi først skal bruke geografiske ord og uttrykk, så har vi ein felles skandinavisk bestand. Dei aller fleste dyra har tilhald på svensk område. Det gjeld både ulven og bjørnen. Rovdyrforskarane seier at Sverige har ein bjørnebestand på meir enn tre tusen. For å regulere - men ikkje utrydde - denne bestanden gav dei svenske fylka ut 319 fellingsløyve i 2012. Fellingsløyve eller freding er nasjonale avgjerder, men rovdyrbestandane blir aldri nasjonale. Generalsekretær Eladio Fernandez Galiano i sekretariatet for Bernkonvensjonen ordlegg seg slik: «Ikke noe sted ber konvensjonen statene om å ha nasjonalt levedyktige bestander av den svært enkle grunn at det ville være absurd.»

Utanom rovdyra har vi to par-tar som lenge har stått mot kvar-andre: På den eine sida gardbrukarane som produserer kjøt på norsk utmarksbeite. På den andre sida finn vi naturvernarar, både organisasjonar og enkeltmenneske. Begge partane gjer verdfull innsats for å ta vare på mangfaldet i naturen. Til dagleg har begge staten som motstandar. Og vi som berre et mat som andre har produsert, bør minnast at matprodusentane alltid har tatt vare på den utmarka dei bruker.

Statleg politikk reduserer både mangfaldet i naturen og sjølvbergingsgraden. Eg er sikker på at mange som slåst for å verne naturen, ikkje likar den svære soyaimporten frå Brasil. Mykje av kjøtproduksjonen i Noreg er avhengig av importert kraftfôr. Sannsynlegvis meiner både dei som har dyr på utmarksbeite og naturvernarane at vi bør auke bruken av kortreist mat. Eg for-står ikkje korleis vi skal få til det utan å auke bruken av utmarksbeite. Ein soyabroiler er ikkje kortreist mat, sjølv om han i det korte livet sitt ikkje ein gong var utandørs.

Det kan bli forandring viss naturvernarar og dei som har beitedyr i utmarka, kjem på talefot. Da kan dei som øydelegg naturen, møte sterkare motkrefter enn før.

Publisert i Dag og tid 16.08.2013.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar