mandag 12. august 2013

Tenkjer Statoil bare «kommers»?

Stortinget vedtok EU sitt oljedirektiv for berre 18 år sia. Da var det usemje på Løvebakken óg. Vi var 41 representantar som sa nei. Vi ville ikkje gi bort sjølve faneparagrafen i oljelovgivinga som ga Norge rett til å velje norske firma og ta distriktsomsyn i oljepolitikken.

I dag synst oljeminister Ola Borten Moe (Sp) det er OK at Statoil flaggar ut 1000 arbeidsplassar til lågkostland. Han er trygg på at ei Høgre-regjering vil halde stø kurs: «På oljesiden tror jeg ikke vi får de store forskjellene», som han sjølv seier det.

Kva så med dei mange som er mot utflagging? LO-leiar Gerd Kristiansen seier signaleffekten blir veldig feil om Statoil flaggar ut 1000 arbeidsplassar. Forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi er mot utflagging. Men viss statsministeren er samd med oljeministeren, så er Sande ikkje «så opptatt av at han [statsministeren] kommer på banen.»

Betyr dette at Ap og andre i regjeringa prøver å ri to hestar i fire-fem veker fram til valet? Det kan i alle fall vere verdt å minnast korleis nettopp statsminister Stoltenberg misbrukte faglege tillitsvalde da han i 2001 samla støtte for børsnotering – og dermed privatisering – av Statoil.

Regionleiar Jone Handeland i Handel og kontor var ein av dei som ga Stoltenberg faglegpolitisk ryggstøtte. Rett før neste Ap-landsmøte sa Handeland det slik til Stavanger Aftenblad: «Jeg angrer. Målet var å gi anledning til allianser som skulle gi flere og tryggere arbeidsplasser. I stedet ble det bare børs. Jeg føler meg lurt og misbrukt. Statoil tenker bare kommers.»

Dei som trur at eit børsnotert oljeselskap kan slutte å tenkje «bare kommers», bør røyste på eitt av stortingspartia som har stått og står trufast bak oljeminister Borten Moe.

Publisert i Nationen 12.08.2013.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar